Utlysing for ph.d.-kandidatar: Meisterklasse med Paul Gilroy

Publisert 29.03.2019
Holbergprisen ynskjer å invitere fem ph.d.-stipendiatar frå dei nordiske landa til Bergen den 3. juni, for å delta i meisterklasse med årets holbergprisvinnar, Paul Gilroy. Temaet for diskusjonen er "Multiculturalism or Melancholia".

Doktorgradsstipendiatar frå dei nordiske landa kan no søke om å delta i meisterklasse med holbergprisvinnar Paul Gilroy måndag den 3. juni, kl. 14.00-16.00. Utgifter til transport og opphald vil bli dekt av Holbergprisen, og dei som får plass vil òg få tilbud om å delta som gjestar på det offisielle programmet under Holbergveka 3.-5. juni. Søknadsfrist 1. mai.

Multikulturalisme eller melankoli

Temaet for årets meisterklasse er "Multiculturalism of Melancholia" Sjå engelsk versjon av denne sida for nærare omtale. 

Om Paul Gilroy

Paul Gilroy er ein britisk kulturvitar som opp gjennom karrieren har hatt stor betrydning innan ei rekke akademiske forskningsfelt, som blant anna kulturstudiar, kritisk raseteori, sosiologi, historie og sosialantropologi. Gilroy er professor i amerikansk og engelsk litteratur ved King’s College London, og blant dei mest velkjende offentlege intellektuelle i Storbritannia i dag.

Førebuing

Som deltakar vil du bli bedt om å førebu eit innlegg på 5-7 minutt relatert til hovudtemaet. Utover kjennskap med tekstane oppgitt som relevant lesning under, ber vi òg om at detakarane førebur spørsmål og kommentarar til Professor Paul Gilroy på førehand. Diskusjonen kjem til å føregå på engelsk.

Relevant lesning:

Korleis sende søknad

Du kan søke om å delta ved å fylle ut skjemaet under. I skjemaet vil du bli spurt om å skrive eit kort motivasjonsbrev og legge ved CV og kontaktinformasjon. Søknadsfristen er 1. mai, 2019.

Søk her: Meisterklasse 2019

Om du har spørsmål til arrangementet, søknadsskjemaet eller praktiske ting, er du velkommen til å ta kontakt med prosjektleiar Holbergsekretariatet på adressa info@holbergprisen.no.